Diagnose

Moderne bilar er fullspekka med elektronikk og sensorar. Det betyr at bilen i mange tilfelle kan varsla deg før eit problem vert alvorleg, og dermed spara deg for unødige reparasjonar og utskiftingar. Når det lyser ei varsellampe på bilen din kan du gjerne stikka innom og få tatt ein diagnose med det samme, slik at me kan ta hand om problemet så snart det oppstår og før det «veks på seg».

Me har utstyret og kompetansen som skal til for å «snakka» med dei fleste bilmerke og -modellar. Dette bidreg til ei mykje hurtigare feilsøking, og reduserer tradisjonelle «prøv-og-sjå-reparasjonar» som kostar både verkstaden og deg tid og pengar. Medan merkeverkstadane ofte tek seg klekkeleg betalt for denne tenesta betalar du omkring halvparten hjå oss.