Hjulstilling

Riktig hjulstilling er viktig for at bilen skal vera sikker, og for at dekkslitasjen skal vera minst mogeleg. Det er ikkje nok å justéra eit hjulsett om gongen – for at drivstofføkonomi og slitasje skal bli optimal må sjølvsagt alle fire hjula spela på lag.

Me har topp moderne utstyr for å gjera både kontroll og etterjustéring av alle 4 hjul på bilen. Firehjulskontroll er spesielt viktig for bilar med firehjulstrekk for å forhindra skader på firehjulstrekksystemet.