|
Tilsette hjå Voss Auto og Servicesenter AS
| |
|
Delelager / kundemottak
Vårt delelager skaffar deg det du treng til din bil. Me nyttar godkjente deler slik att du opprettheld bilens fabrikkgaranti.
Me sel og RC produkt og deler til desse. Fuel til din modellhobby har me på lager.
I vårt kundemottak kan du bestilla time til din bil, eller du kan spørja om biltekniske råd. Våre kunderådgjevarar har lang erfaring innan bil og verkstadarbeid.
Verkstad
Vår bilverkstad utfører service og reparasjonsarbeid på alle typar bilmerke opp til 7500 kg. Me har moderne utstyr og kan betjena dei fleste type jobbar.
Våre mekanikarar har lang erfaring og vert heile tida oppdatert på alt det nye som skjer innan bilindustrien.
Me er og godkjent for å utføra Periodisk køyretøykontroll på bilar opp til 7500 kg.
"Vår kunnskap, din tryggleik"
| |
|
Hommedal Vedlikeholdsservice © 2010 • Privacy Policy • Terms Of Use | | |
|

Strandavegen 500
5710 SKULESTADMO
Tlf: 56 53 05 10 |
| Din lokale bilverkstad... |
|
Torben Hilland, dagleg leiar
Torben har mange års erfaring frå bilbransjen, som fagutdanna bilmekaniker, på delelager og innan kundehandsaming. Han har og jobba med reparasjonar av landbruksmaskiner mm.
Her hjå oss finn du han i kundemottak, der han meir enn gjerne ordnar med time til bilen din, eller skaffar deg dei delene du treng.
.
|
|
Reidar Hommedal, administrasjon / IT
Reidar er utdanna innan transport / bil faget og har lang fartstid i desse faga.
Han har tidlegare hatt ansvaret for kunderådgivning og delelager, men er no mest å finna i administrasjonen. Der har han ansvaret for HMS / IT og andre administrative saker. Men du kan nok finna han smilande bak kundedisken fortsatt.
|
|
Frode Kristiansen, teknisk leiar
Frode har mange års erfaring som fagutdanna bilmekaniker, og me tør påstå at han er i toppskitet innan bilkompetanse her på Voss. Han har brei erfaring frå bilbransjen, både når det gjeld ulike bilmerke og ulike fagområde i bransjen.
Her hjå oss styrer han verkstaddrifta og er "problemløysaren" på verkstadgolvet. |
|
Sigmund Øvsthus,mekanikar
Sigmund har fagutdanninga frå plate og sveis, og er vel den hjå oss som har den lengste erfaringa med mekanisk arbeid, anten det gjeld bil eller maskiner. Han har lang fartstid i "Smio" og er vel den som fiksar det meste. Her hjå oss er han å finna på verkstaden, har du noke du skal sveisa, eller skulle du ha laga noke spesielt på bilen eller traktoren, ja då er Sigmund rette mannen å setta på saken. |
|
Johanne Olofsson,kontorleiar
Johanne er utdanna innan handel og kontor og har mange års erfaring frå merkantilt arbeid. Ho har lang erfaring med IT og ymse dataprogram.
Her hjå oss styrer Johanne det meste av papirflyten som skal ut og inn av firmaet. Har du spørsmål om faktura el.l, då er Johanne rette personen å spørja. |
|
Raymond Merkesdal,mekanikar
Raymond er fagutdanna bilmekaniker og har erfaring med mange ulike bilmerker. Han har speialkompetanse innan diagnose og feilsøking.
Her hjå oss driv han med det meste innan bilmekanikk, og har ei levande interresse for biltekniske detaljar. |
|
Stian Jordalen Hommedal, hjelpearbeider
Stian har erfaring frå både anlegg og bilfaga.
Han har i alle år hatt interresse for mekanikk. Her hjå oss finn du han både på verkstaden og i butikken. I tillegg har han ansvaret for reinhaldet i bedrifta. | |